Nye manuskonsulentar

01.12.2008
Edvard Rønning og Tone Johnsen er tilsette som manuskonsulentar i Utviklings- og produksjonsavdelinga på Norsk filminstitutt. Rønning begynner i jobben måndag 1. desember, medan Johnsen startar 1. januar 2009, melder Norsk Filminstitutt.
logo
Edvard Rønning er dramaturg, dramatikar og instruktør. Fram til september 2005 var han leiar av manuslinja på Den norske filmskolen på Lillehammer, ei utdanning han sjølv var med å bygge opp i 1997. Rønning har vore professor II i dramaturgi ved NTNU i 10 år og har undervist same stad i film og teater. Han har og vore dramaturg på Trøndelag Teater og i NRK. Edvard Rønning var med på å starte opp manusutviklinga på Statens studiesenter for norsk film, som seinare vart til Norsk filmutvikling. Han har arbeida som konsulent for Audiovisuelt produksjonsfond, Nordisk film og TV-fond og ei rekke produsentar og regissørar. Rønning har og motteke Ibsenprisen. Han har mastergrad i teater frå universitetet i California, San Diego.
logo
Tone Johnsen er dramaturg og skodespelar. Ho jobba i perioden 2004-2007 som manuskriptkonsulent ved dåverande Norsk filmutvikling. Ho har og jobba som dramaturg, lesar og konsulent for ulike produksjonsselskap og har erfaring som produksjonsleiar og rollebesetter. Johnsen har og spelt i fleire tv-produksjonar, som ”Hjerte til hjerte”, ””Soria Moria” og ”Syv søstre”. Ho er utdanna ved produsentlinja på Den Norske Filmskolen på Lillehammer.

Noverande konsulent Siri Senje sluttar for å ta doktorgrad i filmmanus gjennom stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid på Høgskolen i Lillehammer. Samstundes endrar Eva Færevaag stilling frå konstituert manuskonsulent til talentrådgivar. Ho skal ta ansvaret for koordinering og gjennomføring av avdelinga sine ulike talentutviklingsordninger.

For meir informasjon, kontakt:

Ivar Køhn
Direktør for Utviklings- og produksjonsavdelinga
Norsk filminstitutt
TLF: 22 47 45 61/414 02 096

Marie G. Aubert
Informasjonsrådgiver
Norsk filminstitutt
TLF: 95 78 23 25
Trenger du fagfolk til ditt neste prosjekt?
Sjekk vårt bransjeregister.
 
Database med filmer som er produsert med tilskudd fra Filmkraft Rogaland eller Filmkraft Invest.
Portal for levering av søknander om utvikling og produksjon av kortfilm, dokumentar, TV-serie, spillefilm og dataspill i tillegg til kompetansehevende tiltak..  
Ta kontakt med oss i Filmkraft.
{{teaser1:html}}
{{teaser2:html}}
{{teaser4:html}}