LONDON story, part 5

26.04.2010

Stol aldri på guddommeleg inspirasjon og pur skriveglede; ”YOU IGNORANT FUCKS”

 Ungdommelige 70 årige  Mc Kee i oransje genser og sportslig kaki, ler godt av sine eigne ord, ventar fornøgd og smilande på at latteren i salen skal stilna, spankulerar kalkulert over scena og tar ein kopp god sterk kaffi  (Gud som eg misunner han; for eg får ikkje lov å drikka kaffi i timen)

 Og fortsette: I Europa var det ingen som kunne skriva manus før HAN (mc Kee), kom og frelste oss på begynnelsen av åttitallet. Halleluja! Han er ungdommeleg og guddommeleg på ein gong.

 I Europa, ca 1980, det var verkeleg steinalderen. I Spania lagde dei kvart år ca 70 spillefilmar, og dei var så dårlege at  berre to (2 av 70, got it?) kunne visast på kino.

” I was called in to late, and I couldnt fix these piece of fucking............, from this fucking piece of shit director.......”

 Han minner meg plutseleg om ein avdød onkel som også brukte sterke gloser.(Onkelen min var dessverre langt mindre karismatisk) Mc Kee har advart på forhånd, at dette er sterk fuckings kost. Men eg er oppvaksen på bygda og vant til verre, så det forstyrrar ikkje bildet mitt av den store manusguruen.

 Eg kjenner eg verkeleg treng den kaffikoppen. Det er siste dag av Mc Kees  Storyseminar. Og me har alt lytta til Mc Kee i 3 x 8 timar.

 På Pcen til sidekvinna flyg svarte skyer over skjermen, rød lava veltar fram, og Norwegian sender stadig beklagande brev. I verste fall må me ta buss, eller tog, eller ferje eller fuckings lastebåt for å komma oss trygt gjennom heile eller halve Europa.

 Men eg prøver å ikkje la meg forstyrra. Eg har bestemt at svarte skyer får væra så svarte dei vil, så lenge Mc Kee fortsatt står på scenen. Eg som er livredd for å fly, og redd for store byar og mas, kjem plutseleg på at eg som ung reiste eg rundt i verda, aleine. Eg var ikkje redd for nokon ting. Mc Kee tryllar fram TRUE CHARACTER i vesle pysete meg.

 Det er dette eg treng, no skal alt ordna seg. Etter dette skal eg klara å skriva manus, så NFI, Filmkraft, Vestnorsk, Fond for lyd og bilde, Fritt ord, NRK, TV2, SVT, Arte og alle dei andre store filmfestivalane og TV kanalane berre må ha det. Eg skal skrive THE TRUE FUCKING STORY. Eg kjennere inspirasjonen velta over meg, det er berre så vidt eg ikkje må kasta meg over alle uferdige manusa eg skriv på, med ein gong, mens eg høyrer på MC Kee, og berre fiksa dei med ein gong, Plutseleg ser eg alt klart. Mc Kee får meg til å sjå det.

 Eg kjenner meg som askeladden på veg til prinsessa, og plukkar med meg alle skattane eg finn på vegen. Til ein forandring klarar eg å snu eg på det (vanlegvis blir eg ekstra negativ når eg ikkje får kaffi på morgonen)

 Sjølv om London er ein nifs og forurensa by, skal eg vel klare det og,.........

 I pausen, utanfor MC Kees konferancesenter, kikkar eg opp. Skyene er mørke. Folk er urolege no. Det er satt inn private bussar, ferjer og militære skip. Folk må komma seg heim i tryggheit frå dei isolerte områda i Spania, Mallorca, Madeira og London.

 Det er mange som slit med magen, og må ta uendeleg med mobiltelefonar, og mailar for å sjekke og finne ut.

 Me er stuck i fuckings London.  Her er nok av ytre og indre konfliktar, alt Mc Kee pratar om blir plutseleg så konkret og aktuelt. Rart i grunnen at han ikkje nemner skyene i forelesinga. Og bruker dei til å beskriva alle dei ulike strategiane ein stakkars karakter må gruble på. Det må vel komma eit vendepunkt snart?

 Stuck i London eller stuck i Casablanca det er nesten samme sak.. Eller?

 

 

 

 

 

 

 

Trenger du fagfolk til ditt neste prosjekt?
Sjekk vårt bransjeregister.
 
Database med filmer som er produsert med tilskudd fra Filmkraft Rogaland eller Filmkraft Invest.
Portal for levering av søknander om utvikling og produksjon av kortfilm, dokumentar, TV-serie, spillefilm og dataspill i tillegg til kompetansehevende tiltak..  
Ta kontakt med oss i Filmkraft.
{{teaser1:html}}
{{teaser2:html}}
{{teaser4:html}}