Leikny Lunde Marthinsen

06.12.2009
Filmkrafts nye Administrative koordinator svarer på våre fem korte spørsmål denne uken.
leikny - profilbilde
leikny - profilbilde
Foto: privat
 
 
Navn:  Leikny Lunde Marthinsen
Alder: 34
Bosted: Stavanger
Yrke: Administrativ koordinator på Filmkraft
 
 
Hvordan har du det nå?
Veldig bra! Eg begynner å koma på plass her i Stavanger. Me flytta ned her i slutten av september og har hatt det travelt med både hus og jobb. Eg har faktisk ikkje fått tid til å sakna Bergen endå. Trivst kjempegodt her! 
 
 
Hva gjør du for tiden?
I Filmkraft er det full fart og mykje å ta tak i. Det siste året har me blitt meir enn dobbelt så mange ansatte her, så me jobber med å laga nye rutiner på kontoret. Saman med Ingunn og Kirsten skriv eg på eit høyringssvar til NFI på dei nye filmstøtteforskriftene. Me er også i gang med å få på plass eit nytt regnskapssystem og nye nettsider.
 
 
Hvilke planer har du fremover?
Koma endå meir på plass i jobben, verta meir kjent med Stavanger, lokal fylkes- og kommunalpolitikk, samt sjå meir film og gå meir i teateret.
 
 
Hva så du sist på kino? 
Eg var faktisk på kino på søndag og såg A Christmas Carol. Diverre passa det ikkje sånn at me fekk sett den i 3D, men den var fantastisk likvel. Syntes nesten den var like skummel som då eg såg ein eldre versjon av filmen som tiåring. Og moralen i filmen er jo veldig god - det er noko å ta med seg i kvardagen:) 
 
 
Hva er favorittfilmen din? 
Fabelaktige Amalie fra Montmartre. Denne filmen traff meg skikkelig. Eg blir ikkje lei av den. Eg likar fargane, stemningen, karakterane, plottet osv. Den skapar eit herlig univers som eg gjerne skulle kunna reist til innimellom.
{{teaser1:html}}
 
{{teaser2:html}}
{{teaser3:html}}
{{teaser4:html}}
{{teaser1:html}}
{{teaser2:html}}
{{teaser4:html}}