Kvinnovasjon

05.02.2009
Rogaland Ressurssenter og Suldal Næringshage ønskjer velkommen til Kvinnovasjonskonferansen – ein konferanse om kvinner og næringsutvikling.
Kvinnovasjon er eit prosjekt som har som mål å rekruttere fleire kvinnelege gründerar. Prosjektet er initiert av Kommunal- og regionaldepartementet og SIVA, og skal setje fokus på kvinneleg entreprenørskap. Målsetjinga er å auke talet på etableringar med vekstambisjonar gjort av kvinner i distrikta. Programmet si målgruppe er dermed kvinner som drøymer om å starte eiga bedrift, er i oppstartsfasen eller allereie er i gang med si etablering. Suldal Næringshage og Rogaland Ressurssenter er prosjekteigarar i vår region, og sidan oppstarten
i 2007 har rundt 60 kvinner delteke i kvinnovasjonsprogrammet i vårt distrikt.
 
Arbeidsplassane i framtida ligg i gründerverksemder, og mindre verksemder skaper mange og fleksible arbeidsplasser. Ei stor og viktig utfordring er å motivere kvinner til å våge å gjere noko med gründerdraumen og etablere eigne bedrifter der dei bur. Kvinnovasjonskonferansen skal begeistra og motivera kvinner som har ein forretningside, og setje fokus på nyskaping.

Me ønskjer nå velkommen til Kvinnovasjonskonferansen 2009. Ein konferanse med aktuelle tema for kvinnelege
gründerar. Me kan m.a. nemne tema som:
• Design som fortrinn i tøff konkurranse
• Korleis nå fram i media v/Egil Severeide
• Hersketeknikkar, spisse albogar, arbeidsliv og sj��������������������lvtillit v/Hilde Sandvik
• Våg å drømme drømmene på øverste hylle v/Karin Fevaag Larsen
 
Deltakarpris: kr 300,- inkl. mva
Tid og stad: Lille Maritim, Haugesund mandag 9. februar kl 17:30
Gratis transport frå Suldal og Vindafjord
 
Påmelding til:
anne.jordbrekk@rrs.no eller tlf. 52 85 62 00 / 456 14 565
laila.steine@suldalnh.no eller tlf 52 79 06 12 / 977 75 757 
 
For detaljert program og påmelding:
www.rrs.no
www.suldalnh.no
www.kvinnovasjon.no
{{teaser1:html}}
 
{{teaser2:html}}
{{teaser3:html}}
{{teaser4:html}}
{{teaser1:html}}
{{teaser2:html}}
{{teaser4:html}}