Kulturkutt i fylket

04.11.2008
Fylkesrådmannen foreslår å kutta kulturbudsjettet i Rogaland med 11 millionar kroner. Det spøkjer for Kortfilmfestivalen.
kortfilm
evaogingerlenemstand 
 
- Nå blei eg småskjelven og bekymra, seier Inger Lene Stordrange, ei av to eldsjeler bak Kortfilmfestivalen i Stavanger. Mens Kortfilmfestivalen i 2008 fekk ein halv million kroner i fylkeskommunal støtte, er forslaget for 2009 å kutta 500.000 kroner.

- Dette stemmer ikkje med opningstalen fylkesvaraordførar Ellen Solheim heldt hos oss 11. september. Ho sa at fylket skulle halda fram med å støtta Kortfilmfestivalen - sjølv om ho ikkje sa med kor mykje, seier ei overraska Stordrange.

- Kan de halda fram utan støtte frå fylket?

- Det er klart at me ikkje kan gjennomføra som i år om det ikkje kjem pengar frå fylket.

 
Kutt
Mandag la fylkesrådmann Liv Fredriksen fram sitt forslag til fylkesbudsjett for 2009. Mens statsbudsjettet legg opp til ein auke på 14,1 prosent på kulturbudsjettet til Rogaland og Stavanger kommune følgde opp med 5,2 millionar kroner i auke, er Rogaland fylke sitt bidrag til året etter 2008 eit kutt på 11,1 millionar kroner. Dei fleste og største kuttpostane var varsla allereie i fjorårets budsjett, og dreier seg om ferdig finansierte prosjekt, som kuttet på åtte millionar kroner til Stavanger 2008, tre millionar til Jærmuseet og 3,2 millionar fordelt på Ryfylkemuseet og Dalane folkemuseum. Ein del andre minuspostar blir rekna som eingongsløyvingar for 2008.

Sjølv om fylkesrådmannen foreslår å leggja inn ein halv million til Ka då ittepå, ein million til utstillingar og inventar til Dalane museum og to millionar til drift på Jærmuseet, går altså det samla, netto kulturbudsjettet ned med heile 10,2 prosent.
  

Unhappy
- Eg er ikkje noko happy for dette forslaget. Det blir ei utfordring, seier Jarle Braut (V), som leiar regional- og kulturutvalet i fylket.

- Stavanger 2008 har utløyst større forventningar og behov. Dette budsjettet tar ikkje høgde for det, seier Braut - som opplevde at fylkeskassen for allmenne kulturformål i 2008 var tom allereie etter sommaren.

- Me omtaler oss som kulturfylket Rogaland - og det gjer me med god grunn.

Med 2008 og har kulturfylket utvikla seg.

- Og fylkets bidrag til den vidare utviklinga er å kutta kulturbudsjettet med ti prosent?

- Nå skal budsjettet behandlast politisk, og me skal leggja både sjel og energi inn i å gjera dette budsjettet så godt som råd, seier Braut, som både vil slåst for Kortfilmfestival og pengar til museumsreform.
  

Kamp
Også varaordførar Ellen Solheim (KrF) lovar å slåst for Kortfilmfestivalen.

- Det er svært viktig å bevara det sterke filmmiljøet her i fylket.

Kortfilmfestivalen er viktig for rekrutteringa, eit fundament i filmsatsinga, seier ho.

Så spørst det om leiaren i kulturutvalet og varaordføraren når fram - i kampen mot vidaregåande opplæring og samferdsel.

- Det er lett å satsa på kultur når økonomien går godt - og tilsvarande lett å kutta når det buttar imot?

- Er det nokon gong ein treng kultur, er det i motgangstider og nedgang.

Då er kultur den beste investeringa ein kan gjera, både for folkehelse, optimismen og sjølvbilde, svarer Jarle Braut. 
 
 
Kilde: Stavanger Aftenblad
Trenger du fagfolk til ditt neste prosjekt?
Sjekk vårt bransjeregister.
 
Database med filmer som er produsert med tilskudd fra Filmkraft Rogaland eller Filmkraft Invest.
Portal for levering av søknander om utvikling og produksjon av kortfilm, dokumentar, TV-serie, spillefilm og dataspill i tillegg til kompetansehevende tiltak..  
Ta kontakt med oss i Filmkraft.
{{teaser1:html}}
{{teaser2:html}}
{{teaser4:html}}