FIFA i Montreal

24.03.2010

 Dokumentarfilmen til Vigdis ”Olav H. Hauge: Den andre mannen” er  i konkurranse på FIFA, Festival International du Film sur l`art.

På trass av Vigdis sin ekstreme flyskrekk, bestemte me oss for å dra til Canada. Og det er me veldig glade for. Det var ein utruleg kjekk festival, og mange fine møte med andre filmskaparar , produsentar og distributørar. Gode kontaktar å ha med seg vidare, og som eventuelt kan gje Haugefilmen eit vidare liv internasjonalt.  Der var  og ein distributør som ville vurdera kortfilmen ”Stikk” til ei  amerikansk kortfilm-DVD med ungdomsfilmar. Me fekk også kontakt med Canadiske dokumentarfolk, og har faktisk fått ein ide til ein norsk kanadisk coproduksjon.

FIFA - festivalen ,som i år vart arrangert for 28.gong, blir rekna som verdas leiande kunstfilmfestival. I år vart det presentert filmar frå 23 land, ”Olav H. Hauge: Den andre mannen” var den einaste skandinaviske filmen i konkurranse. Me såg mange flotte dokumentarar. Personlege favorittar var ein film om den legendariske dansaren Carolyn Carlson, og ”Everywhere at once”, basert på Peters Lindberghs legendariske skuespelarportrett og Jeanne Moreaus karakteristiske voice over kvinneskjebner.

Der var ein del filmar som etter vår smak var for ”arty” og pretansiøse, der var og litt for mange TV-filmar, velproduserte, men  litt for mykje amerikanske mal og talking heads.

Ellers  likte me godt, den sjarmerende BBC-produksjonen ”The dance company of elders”, ein annan var eit fascinerande innsyn i Milton Glasers allsidige livsverk, verdas mest berømte designer. ”Boris Vian, la vie jazz” gjorde også inntrykk. Det gjaldt også det varme  svenske TV-portrettet av Milos Forman. Litt kult at Olav H. Hauge kom i selskap med ein rekke av verdas største kunstnarar.

Min film vart vist ein svær sal i det flotte Grande Biblioteque i Montreal. Me hadde også ei visning på Goetheinstituttet. Og fekk veldig mykje positiv respons på den sterke historien og utrykket i filmen.

Montreal var på tross av størrelsen sjarmerande og avslappa. FIFA var ein fantastisk gjestmild festival, ekstra hyggelig at me saman med ein regissør frå SVT fleire gonger vart invitert på personlig lunsj og byvandring med den fargerike festivalsjefen Renè Rozon. Artig med innføring i Montreals kjendisliv og  kulinariske fristelsar.

 Geir hadde som produsent også med seg Zaradasht sin film om musikaren Ciwan Haco – Veien til Diyarbekir. Eg fekk oppdatert prosjektet mot SVT, og fekk nyttige tips om distribusjon og aktuelle festivalar.

Trenger du fagfolk til ditt neste prosjekt?
Sjekk vårt bransjeregister.
 
Database med filmer som er produsert med tilskudd fra Filmkraft Rogaland eller Filmkraft Invest.
Portal for levering av søknander om utvikling og produksjon av kortfilm, dokumentar, TV-serie, spillefilm og dataspill i tillegg til kompetansehevende tiltak..  
Ta kontakt med oss i Filmkraft.
{{teaser1:html}}
{{teaser2:html}}
{{teaser4:html}}